Utjamnar inntektsskilnadene og oppdaterer kostnadsnøkkelen

Målet med inntektssystemet er å utjamne økonomiske skilnader mellom kommunane, slik at alle kan tilby likeverdige tenester.

Det er viktig å gå gjennom inntektssystemet med jamne mellomrom, for å sikre at det er tilpassa dagens situasjon og for å opprettehalde legitimiteten til systemet. Regjeringa legg no fram forslag til nytt inntektssystem der ein både sikrar ei jamnare fordeling av skatteinntektene mellom kommunane, og gjer ei nødvendig oppdatering av systemet.

Regjeringa legg fram forslag til endringar i alle hovuddelane av inntektssystemet; skatteelementa, utgiftsutjamninga og dei regionalpolitiske tilskota.

Utjamnar inntektsskilnadane

Om lag 40 prosent av inntektene til kommunane kjem frå skatt. Vi har allereie eit system som fordeler inntekter frå dei som har store skatteinntekter, til de som har lite. No gjer Arbeiderpartiet og Senterpartiet det enda meir omfordelande.

Det vil bety at alle kommunar framover vil få skatteinntekter som utgjer minst 95 prosent av landsgjennomsnittet. I dag er talet 93 prosent.

1,5 milliardar ekstra til kommunane

I samband med omlegginga av inntektssystemet legg regjeringa inn 1,5 milliardar kroner ekstra til kommunane, som blir fordelt slik at dei skattesvake kommunane får ein større del av desse midlane enn skattesterke kommunar.

Det ligg også inne ein tapskompensasjon som sikrar at ingen skattesvake kommunar tapar på systemendringa (inkludert den skeivfordelte veksten).

Ny og oppdatert kostnadsnøkkel

Inntektssystemet sørger for å utjamne ufrivillige kostnadsforskjellar mellom kommunane. Det vil si skilnadar som mellom anna skuldast samansetting av befolkninga, busetnadsmønsteret i kommunen eller andre forhold som gjer at kostnadane ved å tilby kommunale tenester varierer. Vi har i dag ei målsetting om full utjamning av desse kostnadsforskjellane. Det blir vidareført og forbetra.

For at utgiftsutjamninga skal fange opp dei reelle forskjellane mellom kommune, må kriteria i kostnadsnøkkelen vere oppdatert. Regjeringa legg derfor fram ein ny kostnadsnøkkel, som byggjer på faglege anbefalingar frå inntektssystemutvalget og departementet. Den oppdaterte kostnadsnøkkelen fangar mellom anna betre opp levekårsutfordringane byene har. 

Gode oppdaterte nøklar gir betre samanheng mellom inntektene og utgiftene til den enkelte kommune.

Verdig omsorgstilbod til alle

For å sikre eit godt omsorgstilbod for alle innbyggarane uavhengig av kor dei bur, vil regjeringa redusere eigenandelen for kommunane med størst utgifter til ressurskrevjande tenester per innbyggjar.

Før har kommunane betalt 20 prosent eigenandel av utgiftene over innslagspunktet for kvar enkelt bruker. No vil halvparten av den kommunale eigenandelen bli delt likt mellom kommunane fordelt per innbyggar. Det betyr at kommunar med høge utgifter til ressurskrevjande tenester i forhold til innbyggjartalet vil kome betre ut av ordninga enn i dag.

Oppdatering av kostnadsnøklane inneberer isolert sett at kriteriet for psykisk utviklingshemma vert vekta ned, noko som isolert sett aukar innslagspunktet i ordninga for ressurskrevjande tenester og gjer store fordelingsverknadar for enkeltkommunar. Regjeringa har lytta til innspela frå mange kommunar som var bekymra over konsekvensane knytt til endringa av PU-kriteriet. Difor foreslår regjeringa eit eige tilskot på tabell-C som kompenserer halvparten av fordelingsvirkningane knytt til nedvektinga. Det dempar dei store utslaga endringa gjev for mange kommunar.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no