Revidert nasjonalbudsjett:

Framleis høge inntekter frå petroleumsverksemda

Regjeringa forventar at inntektene frå petroleumsverksemda framleis blir høge, og anslår i revidert nasjonalbudsjett at staten sin netto kontantstraum frå sektoren blir 673 milliardar kroner i 2024. Dette er ein nedgang frå i fjor, men historisk sett er summen framleis høg.

– Dei store inntektene frå petroleumsverksemda skaper store verdiar for landet og er eit viktig bidrag til fellesskapet. Inntektene kjem heile det norske folk til gode, både dagens og framtidige generasjonar, seier energiminister Terje Aasland.

Dei forventa inntektene frå petroleumsverksemda i 2024 er lågare enn i 2023, då statens netto kontantstraum enda på 978 milliardar kroner. Nedgangen kjem hovudsakleg på grunn av lågare anslag på gassprisar samanlikna med fjoråret.

Den samla petroleumsproduksjonen blir anslått til 233 millionar standardkubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar i 2024, noko som er om lag på same nivå som i 2023. Fordelinga mellom væske og gass er likevel forventa å endre seg noko samanlikna med 2023. Gassproduksjonen er forventa å auke, mens væskeproduksjonen er forventa å bli redusert samanlikna med fjoråret. Den samla produksjonen er forventa å auke fram mot 2025.

– Verda treng olje og gass i mange år framover, og norsk petroleumsproduksjon spelar ei avgjerande rolle for europeisk energitryggleik. Noreg er den einaste nettoeksportøren av petroleumsprodukt i Vest-Europa, og leverer betydelege mengder energi til Europa. Me vil utvikle, ikkje avvikle, petroleumssektoren, seier Aasland.

Høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel

Aktivitetsnivået på norsk sokkel har vore høgt dei siste åra. Det er investert store summar i utbygging av felt, infrastruktur og landanlegg. Nye utbyggingsplanar levert til myndigheitene hausten 2022 antyder eit framleis høgt aktivitetsnivå dei neste åra. Samtidig blir det gjort store investeringar på allereie eksisterande felt, slik at utvinninga aukar og levetida blir forlenga. I revidert nasjonalbudsjett er investeringane i petroleumsverksemda anslått til 241 milliardar kroner i 2024.

– Eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel gir norsk leverandørindustri ein stor heimemarknad, og dannar eit viktig grunnlag for næringsaktivitet i alle fylka. På denne måten bidrar aktiviteten på sokkelen til verdiskaping og sysselsetting over heile landet. Det gir også grunnlag for å vidareutvikle kompetanse og teknologi, som også kan kome til nytte i andre næringar, seier Aasland.