Revidert nasjonalbudsjett

Omdisponerer 1,45 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen

– Både framdrift og føresetnader i nokre av Bane NORs utbyggingsprosjekt har blitt endra. Derfor legg dei i år opp til å omdisponere investeringsmidlar til drift, vedlikehald og fornying av dagens jernbane. Å ta godt vare på infrastrukturen vi har, er heilt avgjerande for å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken. Punktlege tog er viktig for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Omdisponeringa av 1,45 milliardar kroner frå investeringar, er fordelt med 250 millionar kroner til drift og vedlikehald, og 1,2 milliardar kroner til fornying. Samla beløp til drift, vedlikehald og fornying av infrastrukturen på jernbanen i 2024 blir då på nær 10,4 milliardar kroner.

Fordeling av midlar i 2024

Bane NOR legg no opp til å bruke cirka 5,2 milliardar kroner til drift og vedlikehald i år. Omdisponeringa gjer det mogleg å auke innsatsen for førebyggjande og korrektivt vedlikehald.

Til å gjennomføre fornying planlegg Bane NOR å bruke 5,2 milliardar kroner i 2024. Dette gir auka fornying av over- og underbygning på jernbaneinfrastrukturen, i tillegg til meir fornying på andre anleggstypar og komponentar. 

Planlagt tilbakeført i 2026 og 2027

I styringssystemet for jernbanesektoren er det rom for å omdisponere investeringsmidlar til fornying og vedlikehald av jernbanenettet når dette er vurdert til å gi best måloppnåing.  

Det er planlagt at omdisponeringa blir tilbakeført i 2026 og 2027 i takt med at framdrifta i investeringsprosjekta aukar.