Statsministeren deltek på Summit on Clean Cooking in Africa

Stad: Paris

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Paris og deltek på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina.

Statsministeren er i Paris og deltek mellom anna på Summit on Clean Cooking in Africa, som statsministeren har invitert til i lag med Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, direktøren for det internasjonale energibyrået IEA Fatih Birol og presidenten for den afrikanske utviklingsbanken Akinwumi A. Adesina. Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek også på toppmøtet. Akkreditering til press@iea.org.

Statsministeren skal også ha eit lunsjmøte med Frankrikes statsminister Gabriel Attal, eit fellesmøte med president Emmanuel Macron i lag med dei andre høgnivådeltakarane på møtet om rein matlaging, og halde gjesteførelesing på Sciences Po der han sjølv var student.

Program

Kl. 10.30: Opning av toppmøtet om rein matlaging.Adresse: Unesco, 125 avenue de Suffren (Fontenoy Site)

Kl. 13.00: Lunsj med statsminister Gabriel Attal og europaminister Jean-Noël Barrot
Adresse: Hotel Matignon, 57 rue de Varenne
Fotomoglegheit ved starten av møtet.

Kl. 16.30: Fellesmøte med president Emmanuel Macron og høgnivå-deltakarane på møtet om rein matlaging
Adresse: Elyséepalasset, 55 Rue du Faubourg Saint-Honoré

Kl. 18.00: Foredrag og samtale med studentar på Sciences Po.
Adresse: 27 rue Saint Guillaume

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for utviklingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ane Jørem, ane.jorem@mfa.no, telefon 97 79 62 46.