Revidert nasjonalbudsjett

Styrker tilgangen til diabetesmedisinar og reduserer folketrygda sine utgifter

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa individuell stønad til diabetesmedisinen Rybelsus, samt rasjonering i apotek for Ozempic.

Det har vore ein kraftig vekst av refusjonsutgiftene til diabeteslegemiddelet Ozempic sidan 2019, og refusjonsutgiftene står no for rundt ti prosent av folketrygda sine samla utgifter til legemiddel.

Mykje av bruken går til behandling av fedme som er utanfor blåreseptordninga sitt godkjente bruksområde. Høg etterspurnad etter legemiddelet på verdsbasis har bidratt til global mangel på Ozempic.

Fire tiltak frå 1. juli

– Regjeringa vil sikre tilgangen til diabeteslegemiddel og redusere folketrygda sine utgifter. Derfor foreslår vi fire tiltak i revidert nasjonalbudsjett, som skal gjelde frå 1. juli i år, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Samla effekt av tiltaka vil gi betre tilgang til dei pasientane som skal bruke legemidla  samtidig som vi oppnår betre kontroll over utgiftene for folketrygda.

Tre av tiltaka omfattar Ozempic:

  • Overføring frå førehandsgodkjent refusjon til individuell stønad.
  • Fjerning av refusjon for utanlandske pakningar. 
  • Rasjonering i apotek.

Lovproposisjon om legemiddelberedskap

Regjeringa har nyleg fremma ein lovproposisjon om legemiddelberedskap der det mellom anna blir foreslått at ved fare for tilgangen til legemiddel i Noreg kan ein innføre restriksjonar på sal og utlevering av legemiddel i apotek og frå grossist.

I tillegg foreslår regjeringa å opne opp for refusjon av legemiddelet Rybelsus som kan bli brukt ved mangel på Ozempic. Dette krev Stortinget sitt samtykke.

Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har frå tidlegare satt inn tiltak for å betre informasjon, tydeleggjort kriterium for refusjon på blåresept og gjennomført prisforhandlingar med legemiddelprodusenten.

Eit større utval av diabeteslegemiddel

Tiltaka har ikkje ført til at ein har betre etterlevd refusjonsvilkår eller fått bedre utgiftskontroll.

For å sikre at diabetespasientar har tilgang på nødvendige legemiddel i den vedvarande mangelsituasjonen må det derfor bli sett inn sterkare tiltak.

– Desse tiltaka vil gi eit større utval av tilgjengelege diabeteslegemiddel til den aktuelle pasientgruppa, og avgrense behovet for bruk av kostbare, utanlandske pakningar av Ozempic, seier Vestre.

– Utanlandske pakningar kan koste tre til sju gonger så mykje som dei norske pakningane, fordi utsalsprisen kan bli satt fritt av aktørane. Rasjonering i apotek vil gi moglegheit for å prioritere pasientar som trenger Ozempic mest.