Revidert nasjonalbudsjett

Vil hjelpe fleire raskt ut i jobb

Regjeringa aukar løyvinga til NAV med 25 millionar kroner for at fleire ukrainske fordrivne kan få hjelp til å få jobb.

– ­Regjeringa forventar at alle som kjem til Noreg raskt skal kome i jobb og forsørge seg sjølv. Vi stiller mellom anna opp med eit arbeidsretta introduksjonsprogram og digital norskopplæring. Det store talet fordrivne gjer at fleire treng arbeidsretta oppfølging frå NAV-kontor, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Den auka løyvinga på 25 millionar kroner skal gå til dei mest pressa kontora. Å auke bemanninga på pressa NAV-kontor vil gi raskare avklaring av kva den einskilde treng, og hjelpe dei som står utanfor arbeidsmarknaden.

– Den beste måten å bli integrert på er gjennom arbeid. Vi må sørge for at dei som kjem til Noreg får eit godt kvalifiseringstilbod slik at dei raskt får seg jobb. NAV gjer eit viktig arbeid her, som vi vil styrke, seier Brenna.

66 200 ukrainarar er busette i Noreg etter at Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina.

Styrkar NAV med totalt 103,7 millionar kroner

I framlegget til revidert nasjonalbudsjett aukar driftsbudsjettet til NAV med 103,7 millionar kroner:

  • 25 millionar kroner skal brukast på arbeidsretta oppfølging ved utsette NAV-kontor
  • 50 millionar kroner skal brukast til å redusere sakshandsamingstida i NAV
  • 28,7 millionar kroner skal brukast til ulike administrative utgifter