Historisk arkiv

Om lag uendra arbeidsløyse i juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

-Eg er godt nøgd med at arbeidsløysa i juni var stabil, i ei tid med usikker økonomisk utvikling, særleg internasjonalt, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til det nye månadstalet frå NAV om arbeids­marknaden.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at den sesongkorrigerte arbeidsløysa har gått ned med om lag 200 personar frå mai til juni. Dei siste to månadene har talet på registrerte arbeidslause gått ned, etter moderat og stabil vekst det siste året. Ved utgangen av juni var det 71 627 heilt arbeids­lause. Dette utgjer 2,8 % av arbeidsstyrken.

- Halvparten av dei registrerte arbeidslause har vore arbeidssøkjarar lenger enn seks månadar. Arbeidsmarknadspolitikken vil i tida framover leggje auka vekt på å hjelpe desse tilbake til jobb, seier statsråden.