Historisk arkiv

Nye standardar for universell utforming

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Dei nye standardane for universell utforming er gode hjelpemiddel for å gje alle menneske tilgjenge til viktige bygningar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete under lanseringa av Standard Norges nye standardar for universell utforming av arbeidsbygg, publikumsbygg og bustader.

- Dei nye standardane for universell utforming er gode hjelpemiddel for å gje alle menneske tilgjenge til viktige bygningar, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete under lanseringa av Standard Norges nye standardar for universell utforming av arbeidsbygg, publikumsbygg og bustader

I den nye plan- og bygningslova som etter planen skal gjelde frå 1. juli 2010, er krava til tilgjenge skjerpa. Mellom anna skal både arbeidsbygg og publikumsbygg vere universelt utforma.

- Regjeringa vil at bygningar som gjeld alle, skal vere tilgjengelege for alle. Ingen skal måtte stoppe i døra eller trenge særskilde løysingar for å kome inn eller rundt i ulike delar av slike bygg, seier Navarsete.

Standard Norge har utvikla dei nye standardane saman med mellom anna Husbanken, byggjenæringa og interessegrupper.

- Desse standardane gjev eit kunnskapsløft for norsk byggjenæringa og er også eit viktig verkty for å følje krava i lova om diskriminering og tilgjenge, seier administrerande direktør i Standard Norge, Trine Tveter.

Standardane kan kjøpast på www.standardnorge.no