Historisk arkiv

10 milliardar til GIEK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2014

For å styrke eksportindustrien gjer regjeringa framlegg om å utvide garantiramma for eksportkredittar med 10 milliardar kroner.

For å styrke eksportindustrien gjer regjeringa framlegg om å utvide garantiramma for eksportkredittar med 10 milliardar kroner.

Utvidinga kan hjelpe norske selskap med å få nye eksportkontraktar.

– For Noreg kan tilbodet av eksportfinansiering bety både arbeidsplassar, auka kompetanse og betre tilgang til utanlandske marknader. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit konkurransedyktig norsk eksportfinansieringstilbod, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Regjeringa vil skape stabile rammevilkår for norsk eksportindustri, og garantitilbodet frå GIEK (Garanti-instituttet for eksportkredittar) speler ei sentral rolle for finansieringa av norske eksportkontraktar. Det er framleis ein auke i etterspurnaden etter garantiar frå GIEK. Derfor foreslår regjeringa å utvide GIEK si garantiramme med 10 milliardar kroner til heile 145 milliardar kroner i 2014. Til samanlikning var ramma i 2005 40 milliardar kroner. God tilgang på statlege garantiar sikrar internasjonalt konkurransedyktige finansieringsvilkår for norske selskap, noko som er viktig i konkurransen med utanlandske selskap om nye eksportkontraktar.

I tillegg til GIEK består det norske, statlege eksportfinansieringstilbodet av Eksportkreditt Noreg AS, som gir langsiktige eksportkredittar til kjøparar av norske kapitalvarer. Desse låna blir i stor grad garanterte av GIEK. Det statlege eksportfinansieringstilbodet skal fungere som eit supplement til det private tilbodet.