Historisk arkiv

Utgreiing av nytt havromsenter i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2014

Regjeringa foreslår avsatt 15 millionar kroner til vidare utgreiing av Ocean Space Centre. Målet er at senteret skal bli eit internasjonalt kunnskapsnav innan havromsteknologi.

Regjeringa foreslår avsatt 15 millionar kroner til vidare utgreiing av Ocean Space Centre. Målet er at senteret skal bli eit internasjonalt kunnskapsnav innan havromsteknologi. 

Maritime og marine næringer som olje og gass, skipsfart, fiskeri og havbruk står for ein vesentleg del av norsk verdiskaping og norske eksportinntekter.

– Skal Noreg framleis vere ei maritim stormakt må vi investere i kunnskap om havrommet. Vi treng ein nasjonal satsing innan havromsteknologi, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Forskingslaboratoriene på Tyholt i Trondheim er meir enn 30 år gamle, og det er eit stort etterslep på vedlikehold. Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til vidare utgreiing av Ocean Space Centre, eit nytt marinteknisk senter ved Marintek/NTNU i Trondheim.

Både eit utbyggingsalternativ og eit renoveringsalternativ vidareførast. Endeleg val av konsept tas når det er tilstrekkeleg avklaringar av prosjektet.

Forsking på havromsteknologi og marin teknologi er sentralt for innovasjon og framtidig verdiskaping i Noreg. Auka kunnskap om havet og hav­rommet er også naudsynt for å løyse globale utfordringar knytt til energi, mat og klima.