22 demonstrasjonsskolar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 26.06.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Læringssenteret har valt ut 22 skolar til å vere demonstrasjonsskolar. Desse skolane utmerkjer seg ved å arbeide systematisk for å betre kvaliteten på utdanninga. Demonstrasjonsskolane skal no spreie erfaringane frå utviklingsarbeidet til andre skolar. Utdanningsministeren delte i dag ut diplom til skolane som teikn på den nye statusen dei har fått.(26.06.02)
PRESSEMELDING 26.juni 2002
22 skolar valde ut som demonstrasjonsskolar
Læringssenteret har valt ut 22 skolar til å vere demonstrasjonsskolar. Desse skolane utmerkjer seg ved å arbeide systematisk for å betre kvaliteten på utdanninga. Demonstrasjonsskolane skal no spreie erfaringane frå utviklingsarbeidet til andre skolar. Utdanningsministeren delte i dag ut diplom til skolane som teikn på den nye statusen dei har fått.
239 skolar søkte om å få bli demonstrasjonsskolar. Dei utvalde skolane får kr 500 000,- i tilskott per skoleår i to år og tittel som demonstrasjonsskole. Midlane skal nyttast til tilrettelegging for besøk og til andre måtar å spreie dei erfaringane dei har til andre skolar.
Dei 22 demonstrasjonsskolane har vist svært gode resultat på eitt eller fleire av desse områda:
- opplæringa i prioriterte fag (lesing, skriving, matematikk og engelsk)
- læringsmiljø
- skoleanlegg
Alternative opplærings- eller organisasjonsformer, solide rutinar for kartlegging og dokumentasjon av kunnskap og god utnytting av lokale ressursar i opplæringa er kriterium som er lagde til grunn for utvalet av skolar. Læringssenteret la også vekt på at skolane kan dokumentere resultat. Dei valde skolane representerer ulike skoleslag og er geografisk spreidde over heile landet. Søknadene frå skolane vart sende til skoleeigarane, (kommunale, fylkeskommunale, statlege og private) som har komme med forslag om demonstrasjonsskolar til Statens utdanningskontor i fylka. Utdanningskontora har så nominert tre til fem skolar i sitt fylke. Læringssenteret har valt ut dei 22 skolane.
Demonstrasjonsskolane for skoleåra 2002/ 2003 og 2003/2004 er:
Vidaregående skolar:
- Bergen Handelsgymnasium, Hordaland
- Bjørkelangen videregående skole, Akershus
- Kvadraturen videregående skole, Vest-Agder
- Luster vidaregåande skole, Sogn og Fjordane
- Namsos videregående skole, Nord-Trøndelag
- Sandefjord videregående skole, Vestfold
Ungdomsskolar:
- Alta ungdomsskole, Finnmark
- Grasmyr ungdomsskole, Telemark
- Killingrud ungdomsskole, Buskerud
- Saltvern ungdomsskole, Nordland
- Time ungdomsskule, Rogaland
- Vardal ungdomsskole, Oppland
Barneskolar:
- Borkenes skole, Troms
- Eberg skole, Sør-Trøndelag
- Haramsøy skule, Møre og Romsdal
- Heggedal skole, Akershus
- Lutvann skole, Oslo
- Minde skole, Hordaland
- Os skole, Hedmark
- Tingsaker skole, Aust-Agder
- Varhaug skule, Rogaland
- Verket skole, Østfold
Kontaktpersonar:
Direktør Jostein Osnes, Læringssenteret, telefon 23 30 12 00
Avdelingsdirektør Anne Berit Kavli, Læringssenteret, telefon 23 30 12 17