Historisk arkiv

Vitne i saker om menneskjehandel skal sikrast opphald i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender 1. november ein instruks til Utlendingsdirektoratet (UDI) som skal sikre opphaldsløyve til dei som har vitna i ei straffesak om menneskjehandel.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet sender 1. november ein instruks til Utlendingsdirektoratet (UDI) som skal sikre opphaldsløyve til dei som har vitna i ei straffesak om menneskjehandel.

– Formålet med denne instruksen er både å sikre at ofra for menneskjehandel tør vitne utan å frykte at dei blir utsette for represaliar i heimlandet, og at vi får tatt fleire bakmenn, seier statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Instruksen skal sikre at det som hovudregel skal gis opphaldsløyve som dannar grunnlag for busetjingsløyve til ofre for menneskjehandel. Dette er eit godt tiltak som vil gjere det enklare å få kvinnene til å gi vitneprov mot bakmennene, samtidig som man sikrar tryggleiken til dei utsette kvinnene.

Kampen mot menneskjehandel er ei satsting for regjeringa. Handel med menneskje er ein kynisk industri der bakmenn tener milliardar av kroner. Ofra står i sentrum og er i fleire tilfelle også heilt avgjerande for å kunne reise ei straffesak og få dømt bakmennene.  Dersom ofra risikerer å bli sende ut av landet etter at straffesaka er over, kan dei bli utsette for ytterlegare trakassering og mishandling i heimlandet. Instruksen opnar for å gi permanent arbeids- eller opphaldsløyve i Noreg for dei nemnde personane.


Instruks om vitner i saker om menneskjehandel skal sikrast opphald i Noreg

Lenkje til regjeringas handlingsplan "Stopp menneskehandel (2006-2009)" (PDF)