Internasjonal migrasjon 2012-2013 – Noreg

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, ”International Migration 2012-2013 – IMO report for Norway”, er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, ”International Migration 2012-2013 – IMO report for Norway”, er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Klikk på bildet for å laste ned rapporten (pdf)

Den siste rapporten dekkjer 2012 og i nokon grad 2013. Rapporten er utarbeidd hausten 2013 av Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI og inneheld tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over utviklingstrekk i innvandrings- og integreringspolitikken.  Rapporten omhandlar ulike former for innvandring,  generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, statsborgarskap, diskriminering, offentleg ordskifte og haldningar. I tillegg er det ei oversikt over relevante, nye publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside: http://www.oecd.org/migration/

Rapporten

Last ned rapporten (pdf) 

Vedlegg

Annex A (pdf)
Annex A (Excel)

Annex B (pdf)
Annex B (Excel)