Ny intervjuordning skal rekruttera fleire med innvandrarbakgrunn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Nyhet | Dato: 30.03.2011
Sarpsborg kommune underteikna i dag ein avtale som forpliktar kommunen til å ta inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.
Sarpsborg kommune underteikna i dag ein avtale som forpliktar kommunen til å ta inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.
Dette er ein avtale mellom kommunen og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), og Sarpsborg er den fyrste kommunen som har inngått ei slik ordning.
– Sarpsborg blir ein inspirasjon for andre kommunar, sa barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken då han i dag vitja Sarpsborg for å lansere intervjuordninga.
– Denne ordninga skal gje alle lik sjanse til å bli med. Vi må sørgje for at alle får like moglegheiter.
Varaordførar i Sarpsborg, Linda Karlsen Duffy, understreka at ho hadde stor tru på prosjektet, og at dei på denne måten kan få endå fleire dyktige folk til kommunen. – Vi ynskjer mangfold, sa ho.
Fakta om ny intervjuordning (pdf)
Sjølve signeringa fann stad på Sarpsborg Sjukeheim, som har arbeidd målretta med å rekruttere tilsette med ulik bakgrunn. Dei har tilsette frå 15 ulike nasjonalitetar, og Lysbakken fekk møte to av dei; fagansvarleg Dobrinka Liptcheva og teamleiar Mergita Jupolli. Jupolli har bakgrunn frå Kosovo, og trur ordninga vil fungera. – Det skal ikkje vera nødvendig å endra namn for å få jobb, seier ho.
Rådmann i Sarpsborg Kommune Unni Skar og Geir Barvik, direktør i IMDi, skriv under på avtalen.

Statsråd Audun Lysbakken saman med (frå venstre) Mergita Jupolli, viseordførar Linda Karlsen Duffy og Dobrinka Liptcheva.