Historisk arkiv

Lanserte norsk taleløysing for Windows

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Windows med taleløysing, såkalla talesyntese, vart i dag lansert på begge målformene. - Positivt, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Windows med taleløysing, såkalla talesyntese, vart i dag lansert på begge målformene. - Positivt, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

”LingSpeak Arne” er ei kunstig norsk stemme som LingIT har utvikla med støtte frå Microsoft Noreg. Microsoft starta å utvikle talesyntese på norsk etter eit forslag frå fornyingsministeren i 2006. No ligg resultatet føre.

- Svaksynte, dyslektikarar og innbyggjarar som treng å styrkje norskkunnskapane sine får no ein enklare kvardag. No gjenstår det berre at Arne vert tilpassa blinde sine behov, seier Heidi Grande Røys.

Tidlegare måtte kvar einskild brukar dokumentere trong for talesyntese og søkje NAV om støtte. Grande Røys er positiv til at fleire som har nytte av opplest tekst no får moglegheita til å laste ned talesyntese gratis frå Internett.

Les meir hos Norges Blindeforbund:
Windows-Arne snakker til deg

Foto: Bjørn Roger Johansen demonstrer talesyntesen for Heidi Grande Røys, Torbjørn Nordgård, administrerende direktør i LingIT, Gunnar Haugsveen, generalsekretær i Blindeforbundet, Knut Morten Aasrud, administrerende direktør i Microsoft Norge. Foto: Mia Jacobsen/Norges Blindeforbund