Finansdepartementet
Vårt saksnr: 05/2211

Spørsmål nr. 86, frå Finanskomiteen/ SVs fraksjon, av 26.05.2005, vedrørande Revidert nasjonalbudsjett 2005

"Fellesalliansen mot grunnavgift foreslår no å likestille gjenvinnbare flasker (NR PET) med gjenfyllbare, kva gjeld grunnavgift. Gjenvinnbare boksar er med det ute av det tidlegare framsette kravet om det same. Kva er regjeringa si vurdering av rapportane frå Østlandsforsking på vegne av Norsk Resirk og Transportøkonomisk institutt i denne saka, kva gjeld miljøkonsekvensar? Korleis vurderer regjeringa forslaget no når boksen ikkje lenger er tema for søknad om fritak for grunnavgift? Korleis vil regjeringa vurdere eit provenynøytralt forslag om gjenvinnbare og gjenfyllbare flasker?"

Svar:
I 2003 gav Stiftelsen Østfoldsforskning ut rapporten ”Miljøvurdering av gjenvinnbare og gjenfyllbare PET-flasker brukt som drikkevareemballasje i Norge”. Rapporten er skriven på oppdrag frå Norsk Resirk AS. Rapporten konkluderer med at under visse føresetnadar for gjenfyllbare flasker når det gjeld volum, flaskestorleiker o.a. er systema for gjenvinnbare og gjenfyllbare flasker miljø- og ressursmessig tilnærma likeverdige. Når det gjeld Regjeringa si vurdering av saka, vert det vist til tidlegare uttale, til dømes i St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004, der Finansdepartementet skriv at det ikkje er miljøfagleg grunnlag for å hevde at ombruk av drikkevareemballasje er betre enn materialgjenvinning.

Departementet har òg mottatt Transportøkonomisk Institutt sin rapport ”Logistikkløsninger, kostnader og CO 2-utslipp ved returtransport av drikkevareemballasje”. Rapporten er skriven på oppdrag frå Lerum Fabrikker AS. Rapporten viser at kostnader til returlogistikk og CO 2-utslepp kan reduserast ved overgang frå gjenfyllbar til gjenvinnbar emballasje. Departementet har ikkje vurdert innhaldet i rapporten, men viser til at emballasjeavgiftene skal prise kostnader knytta til at emballasje hamnar i naturen og ikkje andre utslepp. Forureining knytta til transport er prisa gjennom blant anna bensin- og autodieselavgiftene.

Regjeringa meiner altså at grunnavgifta ikkje er ei avgift som kan forsvarast ut i frå omsyn til miljøet. I tillegg er grunnavgifta konkurransevridande fordi ho favoriserer produsentar som tappar på ombruksemballasje framfor andre produsentar som opererer i dei same marknadene.

Ei avvikling av grunnavgifta berre for PET-flasker inneber ei avgiftsmessig favorisering av ein type emballasje. Mens boksar vil falle inn under avgiftsplikta, vil plastflasker som vert gjenvunne, bli fritekne. Eit slikt skilje kan vere problematisk i høve til EØS-avtalen og må eventuelt leggjast fram for ESA. Dette gjeld uavhengig av om forslaget er provenynøytralt eller ikkje.