Historisk arkiv

Forbod mot landing av makrell frå færøyske og islandske fartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Det uansvarlege fisket etter makrell som Færøyane og Island har sett i gang i eit forsøk på å fiske til seg kvoteandelar er eit alvorleg trugsmål mot makrellbestanden og det undergrev forvaltningssamarbeidet. Eg ser svært alvorleg på situasjonen, og eg har også drøfta saka med fiskerikommissæren i EU, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Etter gjeldande regelverk er det ikkje tillete å lande fangstar av makrell frå færøyske og islandske fartøy i norske hamner. Unntaket er dei 2000 tonn makrell som Færøyane etter avtale med Noreg kan fiske i norsk økonomiske sone.

Kontakt:
Pressevakt tlf. 22 24 66 99
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, tlf. 22 24 64 40