Historisk arkiv

KS1-rapport om håndteringa av U-864 overlevert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Metier AS og Møreforsking Molde AS har på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet og Finansdepartementet gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) av Kystverket si utgreiing om dei ulike alternativa for den vidare handteringa av U-864. Rapporten vart i dag presentert for og overlevert til fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

På bakgrunn av at kvalitetssikringa av hevingsalternativet som då låg føre avdekka betydelege svake sider bestemte regjeringa i mars 2010 å greie ut heving av vraket av U-864 grundigare. Kystverket fekk i oppdrag å gjennomføre ei utgreiing av ulike alternativ for handteringa av U-864, ei såkalla konseptvalutgreiing.

Følgjande alternativ er utgreidde; nullalternativet, tildekking, heving, kombinasjon av heving og tildekking og kombinasjon av heving og mudring. Denne utgreiinga har no vore gjennom ei obligatorisk ekstern kvalitetssikring.

- Eg vil no setje meg grundig inn i denne rapporten. Regjeringa vil så på eigna måte orientere Stortinget om den vidare prosessen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.