Internasjonal migrasjon 2010-2011

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, International Migration 2010-2011 – Sopemi report for Norway, er eit bidrag til OECD sitt felles rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda, kalla SOPEMI. Den siste rapporten dekkjer 2010 og i nokon grad 2011.

Internasjonal migrasjon 2010-2011Den norske SOPEMI-rapporten er utarbeidd av medarbeidarar i Justisdepartementet, Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Arbeidsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI og gjev tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over utviklingstrekk i innvandrings-, integrerings- og inkluderingspolitikken.  

Rapporten omhandlar ulike former for innvandring (arbeid, familie, humanitær, utdanning), statsborgarskap, generell integreringspolitikk, utdanning og opplæring, arbeidsmarknad, valdeltaking og diskriminering. I tillegg er det ei oversikt over nye, relevante publikasjonar på engelsk. Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside.