Historisk arkiv

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa satser på å øke representasjonen av kvinner i lokalpolitikken, her kan du lese mer om dette prosjektet.

Regjeringa si satsing Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken har som føremål å oppnå ei jamn fordeling av kvinner og menn i kommunestyra - spesielt i leiande verv.

22 kommunar frå heile landet er utvalde. Dei vart utvalde med bakgrunn i søknader der dei skisserte ulike tiltak for å betre kjønnsbalansen i kommunestyra sine, spesielt i leiande verv. Tiltaka kan grovt delast inn i fem typar:

1. Tiltak med sikte på å få partia til å rekruttere breiare og få med nye inn i lokalpolitikken.
2. Tiltak overfor nominasjonskomiteane og partia med sikte på å få opp kvinnedelen mellom toppkandidatane på listene.
3. Tiltak overfor lokalmedia for å synleggjere kvinnelege kandidatar og kvinnelege politikarar.
4. Tiltak med sikte på å betre arbeidsvilkåra for lokalpolitikarar.
5. Tiltak for å styrkje kapasiteten til nye lokalpolitikarar.

Uni Rokkansenteret har fått oppdraget med å evaluere satsinga. Forskarane skal systematisere erfaringane frå alle tiltaka som er sett i gang. Dei skal i tillegg skaffe fram kunnskap om kva tiltak som vil ha størst effekt for å oppnå målet om ei jamn kjønnsfordeling i lokalpolitikken. Gode erfaringar skal spreiast til resten av Kommune-Noreg.

Kommunal- og regionaldepartementet arrangerer kvart år ein konferanse/samling med alle kommunane som deltek. Føremålet er å auke kunnskapen og merksemda om vilkåra for kvinner si deltaking i lokalpolitikken. Samlingane skal inspirere og spreie erfaringar mellom utstillingsvindaugekommunane undervegs i prosjektperioden.  

Deltakande kommunar og kommunenettverk:

  • Alta kommune
  • Norddal kommune
  • Vestnes kommune
  • Øygarden kommune
  • Sigdal kommune
  • Løten kommune
  • Enebakk kommune
  • Steinkjer, Verdal, Rissa og Osen kommunar
  • Sel, Dovre, Lom og Luster kommunar
  • Hå, Karmøy og Strand kommunar
  • Skien, Bamble, Siljan og Porsgrunn kommunar

Prosjektperiode:

Prosjektperioden vil vare i heile valperioden frå 2007 og fram til og med 2011.


Støtte til kommunane:

Om lag 20 millionar kroner.

Kvinner; Ta ordet, sett dagsorden!

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken i Trøndelag har laga eit idéhefte saman med KS i Nord- og Sør-Trøndelag: Kvinner; Ta ordet, sett dagsorden!

Rapport frå styringsgruppa i Luster kommune

Sjå rapporten frå Luster kommune frå 2012: Luster kommune: Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.