Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Forenkling og kompetanseutvikling i byggsektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Regjeringa vil leggje til rette for ein enklare og meir effektiv byggjesaksprosess. Vi må sikre at kvaliteten på det vi byggjer blir betre og at kompetansen i næringa vert heva, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil leggje til rette for ein enklare og meir effektiv byggjesaksprosess. Vi må sikre at kvaliteten på det vi byggjer blir betre og at kompetansen i næringa vert heva, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Våren 2012 la vi fram den fyrste meldinga om bygningspolitikken. I bygningsmeldinga Gode bygg for eit betre samfunn blir merksemda fyrst og fremst retta mot dei områda der regjeringa melder om ein endra eller ny, offensiv bygningspolitikk.

- Vi må sikre at folk investerer i framtidsretta bygg, som gjer tryggleik for helse, bruker lite energi og er tilgjengelege for alle, meiner Navarsete. 

Auka kompetanse i næringa er naudsynt for å nå måla for bygningspolitikken. Regjeringa gjer framlegg om å invitere byggjenæringa til eit breitt samarbeid om kompetanseutvikling gjennom prosjektet Bygg21. Bygg21 skal fokusere på alt frå FoU og innovasjon, til kompetanseutvikling heilt ned på den einskilde byggjeplass. Formidling av kunnskap og erfaringar står òg sentralt. Direktoratet for byggkvalitet skal ha den daglege leiinga.

Direktoratet for byggkvalitet skal òg greie ut ByggNett som eit mogleg ”Altinn” for byggsektoren. Utgreiinga vil mellom anna leggje grunnlag for fullelektronisk byggjesakshandsaming i kommunane, vidareutvikling av ByggSøk, samt bruk av bygningsinformasjonsmodellar og eit register for byggdokumentasjon.

Samla gjer regjeringa framlegg om å styrke Direktoratet for byggkvalitet sine løyvingar med 20 millionar kroner for å leggje til rette for desse tiltaka i 2013.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.