Historisk arkiv

Noreg inviterer til valobservasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Departementet har invitert Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) til å observere stortingsvalet til hausten.

Departementet har invitert Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) til å observere stortingsvalet til hausten.

- I Noreg har me eit levande demokrati og det norske valsystemet nyt stor tillit. Det er likevel svært nyttig med innspel frå internasjonale valobservatørar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Representantar frå Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) i OSSE har stadfesta at dei ynskjer å kome på eit kartleggingsbesøk i Noreg frå 4. til 6. juni. Her blir dei orientert om det norske valsystemet og forsøket med internettrøysting, som skal gjennomførast i 12 kommunar til hausten.

På bakgrunn av besøket vil OSSE vurdere om dei ynskjer å sende observatørar til sjølve valgjennomføringa 9. september. Departementet har også invitert Parlamentarikarforsamlinga (PA) i OSSE til å observere valgjennomføringa. 

OSSE gjennomførte for første gang  valobservasjon her i landet ved stortingsvalet i 2009. Dei sendte også eit ekspertteam for å observere forsøket med internettrøysting  ved lokalvalet i 2011. Departementet har rapport til OSSE korleis me har følgt opp deira tilrådingar. Desse rapportane er også tilgjengelege på våre nettsider.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00