- Låna i Husbanken er viktige for velferdstilbodet i kommunane, for å motverke fattigdom og for å fremje kvalitetar som miljø og universell utforming i bustader og bygg. Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i samband med at Stortinget i dag auka låneramma i Husbanken til 16 mrd. kroner.

Låneramma i Husbanken var på 14 mrd. kr i 2009, etter ein auke på 2 mrd. kr i regjeringa si tiltakspakke i samband med finanskrisa. Det har i heile 2009 vore større etterspurnad etter husbanklån enn ein rekna med. Ved utgongen av september var 90 prosent av låneramma brukt opp. Regjeringa gjorde difor framlegg for Stortinget om å auke låneramma ytterlegare i 2009.

I tiltakspakka blei det lagt til grunn at Husbanken skulle ha ei aktiv rolle for å stimulere tilgangen til lån i ei vanskeleg økonomisk tid. Aktiviteten blei tilpassa dei andre tiltaka som regjeringa sette i gong overfor finansinstitusjonane.
- Låna i Husbanken har medverka til å halde aktiviteten i byggjenæringa oppe. Kommunane har teke opp mykje meir startlån enn tidlegare år. Når Husbanken no får meir lånemidlar, kan fleire viktige tiltak få lån, seier Navarsete.

Regjeringa har dessutan gjort framlegg om ei låneramme på 15 mrd. kroner i 2010.
 - Vi vil som i år følgje nøye med og kome tilbake til Stortinget dersom det òg neste år blir naudsynt å auke låneramma, seier Navarsete.

Husbanken gjev lån til barnehagar, startlån til vanskelegstilte på bustadmarknaden og grunnlån til nye eller utbetring av eksisterande bustader.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.