Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

Auka skatteinntekter til kommunane i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nye anslag viser at kommunesektoren får 1 milliard kroner meir i skatteinntekter i 2011.

Nye anslag viser at kommunesektoren får 1 milliard kroner meir i skatteinntekter i 2011.

- God vekst i norsk økonomi gir auka skatteinntekter til kommunane. Desse pengane kan kommunane bruke til å betre den økonomiske situasjonen, for eksempel betale ned gjeld, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Dei ekstra skatteinntektene fordeler seg med 800 millionar kroner til kommunane og 200 millionar kroner til fylkeskommunane.

Den reelle veksten i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2011 er berekna til 5,5 milliardar kroner. Veksten i dei frie inntektene er berekna til 1,6 milliardar kroner i år.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.