Historisk arkiv

Noreg sluttar seg til København-avtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Noreg sluttar seg til København-avtalen om klima og har sendt brev om dette til FN sitt klimasekretariat. Ettersom klimakonferansen berre tok dokumentet til etterretning, er avtalen avhengig av aktiv tilslutning frå dei landa som stør han.

Noreg sluttar seg til København-avtalen om klima og har sendt brev om dette til FN sitt klimasekretariat. Ettersom klimakonferansen berre tok dokumentet til etterretning, er avtalen avhengig av aktiv tilslutning frå dei landa som stør han.

Avtalen vart framforhandla av stats- og regjeringssjefar den siste dagen under klimaforhandlingane i København og er det viktigaste resultatet av møtet.

- Den norske regjeringa vil gjere sitt beste for å byggje vidare på denne avtalen for å få fram eit ambisiøst resultat på klimaforhandlingsmøtet i Mexico i år, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

I debatten på siste dag av klimakonferansen i København var det nokre få land som blokkerte for samrøystes tilslutning til klimaavtalen som statsleiarane for 29 land var blitt samde om. Solheim meiner dette gir grunn til uro.

- Ettersom København-avtalen berre vart tatt til etterretning, er det viktig at vi landa som er positive sluttar aktivt opp om den. Avtalen er berre eit første steg, men han representerer gjennombrot på fleire område som er avgjerande for å komme vidare i forhandlingane, seier han.

I likhet med andre land er Noreg oppfordra til offisielt å erklære tilslutning til København-avtalen, gjennom brev frå FN sin generalsekretær Ban Ki-moon og Danmark sin statsminister Lars Løkke Rasmussen til statsminister Jens Stoltenberg. Fleire land har gitt si støtte, og fleire er i ferd med å gjere det, mellom anna EU.

Kina, India, Brasil og Sør-Afrika har no understreka si støtte til avtalen i ei felles erklæring. Innan fristen 31. januar vil desse landa også rapportere inn kva for utsleppsreduserande tiltak dei vil gjennomføre.

- Dette er eit viktig politisk signal, som vil ha betydning for å sikre ei god oppfølging av København-avtalen framover. Utan desse store u-landa si klåre støtte og forpliktande oppfølging vil framtida for avtalen vere uviss, seier Erik Solheim.

Industrilanda er også bedt om å melde inn sine mål for utsleppsreduksjonar i 2020 innan 31. januar. Noreg vil melde frå om sine mål innan denne fristen.