Historisk arkiv

Statssekretær Eirik Lae Solberg gjestar Canada

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Statssekretær Eirik Lae Solberg er i desse dagar i Canada. Eit av hovudformåla med besøket er å fremme norsk mineralnæring på verdas leiande mineralmesse, den årlege konferansen til Prospectors and Developers Association of Canada (PDAC), i Toronto.

Eirik Lae Solberg, Ross Gallinger og Mona Brøther
Eirik Lae Solberg, Ross Gallinger og Mona Brøther (Foto: Hilde Løveid Varvin/NFD)

Statssekretær Eirik Lae Solberg er i desse dagar i Canada. Eit av hovudformåla med besøket er å fremme norsk mineralnæring på verdas leiande mineralmesse, den årlege konferansen til Prospectors and Developers Association of Canada (PDAC), i Toronto.

- Norsk mineralnæring byr på store moglegheiter, og eg håper fleire vil få auga opp for potensialet. Eg meiner dei nordiske landa har mykje å tene på å samarbeide om profileringa av regionen vår, seier Solberg.

Den norske delegasjonen på mineralmessa er på 40 personar, og inkluderer Noregs geologiske undersøking (NGU) og fleire leiande norske selskap innan mineralnæringa. NGU har i fleire år hatt eit samarbeid med andre nordiske geologiske undersøkingar om ei felles profilering på konferansen. Statssekretæren skal også ha fleire samtalar med kanadiske politikarar i løpet av besøket.

- Min hovudbodskap til Canada er at vi bør setje oss saman og sjå på om vi kan utvide den gjeldande frihandelsavtalen mellom EFTA og Canada frå 2009 til også å dekkje tenester og investeringar, seier statssekretær Solberg.

Statssekretær Solberg skal også gjeste fleire norske bedrifter i Canada. Han skal delta på eit seminar i regi av den norske ambassaden, INTPOW og Innovasjon Noreg om fornybar energi og moglegheitene for auka samarbeid, spesielt innan vasskraft, mellom Noreg og Canada.