Historisk arkiv

Noreg støtter internasjonalt vegkart for CO2-fangst og –lagring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har gitt 1,8 millionar kroner i støtte til FN sin organisasjon for industriutvikling (UNIDO). UNIDO skal utvikle eit teknologivegkart for CO2-handtering innan industrielle prosessar i utviklingsland, til dømes innan produksjon av stål, jern, sement og ammoniakk. Prosjektet har ei totalramme på 3,6 millionar kroner.

Olje- og energidepartementet har gitt 1,8 millionar kroner i støtte til FN sin organisasjon for industriutvikling (UNIDO). UNIDO skal utvikle eit teknologivegkart for CO2-handtering innan industrielle prosessar i utviklingsland, til dømes innan produksjon av stål, jern, sement og ammoniakk. Prosjektet har ei totalramme på 3,6 millionar kroner.

- Industriell aktivitet står for ein stor del av CO2-utsleppa i verda, og i aukande grad i utviklingsland. CO2-handtering er eit av svært få alternativ for utsleppsreduksjonar frå desse kjeldene. Vår støtte til vegkartet skal hjelpe til med å leggje til rette for auka bruk av CO2-handtering innan industri i utviklingsland, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Industriell aktivitet står for omlag 40 prosent av dei totale energirelaterte CO2-utsleppa i verda. CO2-handtering er eit av svært få alternativ for CO2-kutt frå industrielle kjelder. I følgje Det internasjonale energibyrået (IEA) sine prognosar bør CO2-handtering innan desse kjeldene stå for 9 prosent av dei samla globale CO2-kutta i 2050. Analyser frå IEA og Det globale CCS-instituttet (GCCSI) viser samstundes at det er svært få CO2-handteringsprosjekt i energiintensiv industri. Dette skuldast mellom anna at mykje av merksemda til no har vore retta mot kraftsektoren. Eit vegkart for CO2-handtering innan industrielle prosessar er derfor viktig, og bidrar til å dekkje eit stort behov internasjonalt.

Teknologivegkartet skal trekkje opp vegen frå forskings- og utviklingsfasen til pilot- og demonstrasjonsfasen. Det vil handle om sentrale tema og problemstillingar som utvikling av juridiske rammeverk, krav til teknologisk ekspertise og finansiering. Arbeidet vil synleggjere moglegheitene for CO2-handtering innan industrien, og identifisere kommersielle og teknologiske gap.

Energiintensiv industri, som dette prosjektet rettar seg mot, er svært utbreidd i utviklingsland.  Å bruke ressursar på utviklinga CO2-handtering i utviklingsland, har difor ein positiv effekt både for teknologioverføring og for utbreiinga av CO2-handtering internasjonalt. UNIDO har som hovudformål å akselerere industriell utvikling i utviklingsland, og er difor godt posisjonert til å utføre dette arbeidet.

Prosjektet vil etter planen starte opp i fyrste kvartal 2010.

Støtta til prosjektet er eit ledd i oppfølginga av regjeringa si handlingsplan for fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt.

Sjå og melding til pressa om regjeringa si tilretteligging for reinsing av CO2 i industrien i Noreg.