Historisk arkiv

Regionale flyruter: Tildeling av einerett for drift av 16 ruteområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøes’ Flyveselskap, Coast Air, Kato Airline og Danish Air Transport einerett for drift av regionale flyruter i Noreg. Tildelinga gjeld for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009. (02.11.05)

Pressemelding

Nr.: 135/05
Dato: 02.11.05

Regionale flyruter: Tildeling av einerett for drift av 16 ruteområde

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøes’ Flyveselskap, Coast Air, Kato Airline og Danish Air Transport einerett for drift av regionale flyruter i Noreg. Tildelinga gjeld for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009.

Dei regionale flyrutene som er omfatta av denne tildelinga har til saman om lag 750 000 passasjerar kvart år og trafikkerer 19 lufthamner. Tildelinga gjeld i alt 16 ruteområde. Den gjennomsnittlege årlege godtgjersla frå staten til dei fire flyselskapa i kontraktperioden utgjer i alt 321,5 millionar kroner.

Vedtaka om tildeling av einerett for drift av regionale flyruter er gjort etter ein open anbodskonkurranse i EØS-området. For dei 16 ruteområda fekk Samferdselsdepartementet inn anbod frå seks flyselskap.

For kvart av ruteområda har Samferdselsdepartementet valt det selskapet som har det lågaste kravet om driftstilskott frå staten, og som dessutan oppfyller alle krava som er sette for drifta av den enkelte flyrute. Desse krava omfattar mellom anna billettprisar, talet på avgangar, storleik på flya og tilrettelegging for dei som er funksjonshemma.

Tildelinga av einerett for drift av regionale flyruter, med driftstilskott frå staten, blir slik for perioden 1. april 2006 – 31. mars 2009:

Ruteområde

Flyselskap

Gjennomsnittleg tilskott pr. år
(i 1000 kr.)

Flytype

1

Lakselv – Tromsø

Widerøes’ Flyveselskap

12 711

DH-8 103/300

2

Andenes – Bodø, Andenes – Tromsø

Coast Air

22 190

ATR-42

3

Svolvær – Bodø

Widerøes’ Flyveselskap

23 650

DH-8 103

4

Leknes – Bodø

Widerøes’ Flyveselskap

21 487

DH-8 103

5

Røst – Bodø

Kato Airline

5 316

Dornier 228

6

Narvik (Framnes) – Bodø

Widerøes’ Flyveselskap

17 624

DH-8 103

7

Brønnøysund – Bodø, Brønnøysund – Trondheim

Widerøes’ Flyveselskap

9 388

DH-8 103

8

Sandnessjøen – Bodø, Sandnessjøen – Trondheim

Widerøes’ Flyveselskap

21 605

DH-8 103

9

Mo i Rana – Bodø, Mo i Rana – Trondheim, Mosjøen – Bodø, Mosjøen – Trondheim

Widerøes’ Flyveselskap

48 981

DH-8 103

10

Namsos – Trondheim, Rørvik – Trondheim

Widerøes’ Flyveselskap

27 068

DH-8 103

11

Florø – Oslo, Florø – Bergen

Danish Air Transport

14 850

ATR-42

12

Førde – Oslo, Førde – Bergen

Widerøes’ Flyveselskap

14 758

DH-8 103

13

Sogndal – Oslo, Sogndal – Bergen

Widerøes’ Flyveselskap

29 604

DH-8 103

14

Sandane – Oslo, Sandane – Bergen, Ørsta-Volda – Oslo, Ørsta-Volda – Bergen

Widerøes’ Flyveselskap

39 277

DH-8 103

15

Fagernes – Oslo

Coast Air

9 138

Jetstream 31/32

16

Røros - Oslo

Coast Air

3 870

ATR-42

I alt

321 515



Til redaksjonen
For nærmare opplysningar, sjå anbodsinnbyding og pressemelding av 02.09.05 "Seks flyselskaper ønsker å drive flyruter i Norge".