Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa:
Ny Nasjonal transportplan 2014–2023: Ønskjer innspel og medverknad frå mange
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.02.2010
- Eg ønskjer å styrkja den politiske dialogen i arbeidet med ny Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, slik at avgjersler og løysingar blir så godt forankra som mogeleg, særleg på regionalt og lokalt hald, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Eg ønskjer å styrkja den politiske dialogen i arbeidet med ny Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, slik at avgjersler og løysingar blir så godt forankra som mogeleg, særleg på regionalt og lokalt hald. Arbeidet skal skje i ein open prosess, med god kontakt mellom Samferdselsdepartementet, Avinor, dei statlege transportetatane og andre statlege og lokale styresmakter.
- Ein representant for fylkesrådmannskollegiet skal vera med i den styringsgruppa som transportetatane og Avinor har oppretta for arbeidet med planen. I tillegg skal det leggjast godt til rette for innspel frå næringsliv, brukar- og interesseorganisasjonar.
Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at Samferdselsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet no har lagt fram retningsliner for arbeid med ei ny stortingsmelding om Nasjonal transportplan 2014–2023, med sikte at meldinga skal leggjast fram tidleg i 2013.
- I grove trekk vil det bli lagt opp til å vidareføre gjeldande Nasjonal transportplan for 2010–2019, men den nye planen skal òg fanga opp nye utviklingstrekk, mellom anna dei store utfordringane som gjeld utslepp av klimagassar frå transportsektoren.
- Regjeringa vil sikra eit godt transporttilbod for folk og næringsliv i heile landet og auka satsinga på samferdsel, slik at tiltaka i Nasjonal transportplan blir gjennomførte og måla blir nådde. Vi vil rusta opp infrastrukturen i transportnettet – for å gjera kvardagen enklare for folk og for å betra miljøet, fremja regional utvikling og gjera samfunnet meir inkluderande og tilgjengeleg for alle, seier samferdselsministeren.
Fleire opplysningar – sjå:
- Brev av 16. februar 2010 frå Samferdselsdepartementet til Sekretariatet for Nasjonal transportplan (pdf)
- ”Retningslinje 1 for transportetatenes og Avinors arbeid med Nasjonal transportplan 2014–2023” (pdf)
- Våre nettsider om Nasjonal transportplan