Historisk arkiv

Statsministeren deltek på ILOs regionale møte i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Den internasjonale arbeidsorganisasjonens (ILO) niande europeiske regionale møte vert arrangert i Oslo 8. – 11. april 2013. Tema for årets møte er arbeid, vekst og sosial rettferd. Arbeidsminister Anniken Huitfeldt er vert for møtet. Statsminister Jens Stoltenberg deltek på møtets første dag.

Den internasjonale arbeidsorganisasjonens (ILO) niande europeiske regionale møte vert arrangert i Oslo 8. – 11. april 2013. Tema for årets møte er arbeid, vekst og sosial rettferd. Arbeidsminister Anniken Huitfeldt er vert for møtet. Statsminister Jens Stoltenberg deltek på møtets første dag.

Møtet samlar representantar for styresmakter, arbeidsgjevarar og arbeidstakarar frå 51 land i Europa og den sentral-asiatiske regionen. Møtet går føre seg på Radisson Blu Plaza Hotel.

Priv. til red.: Statsministerens program måndag 8. april

Pressefolk som skal vera til stades på Plaza på måndag må møta opp ved hovudinngangen på hotellet seinast kl. 10.00.

Kl. 11.30: Statsminister Jens Stoltenberg deltek i ein paneldiskusjon om korleis ein skal handtera konsekvensane av finanskrisa.

Andre deltakarar i panelet er ILOs generaldirektør Guy Ryder, Litauens president Dalia Grybauskaite, OECDs generalsekretær Angel Gurría og representantar for dei internasjonale arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane.

Fotomoglegheiter. Stad: Sonja Henie-salen, 2. etasje.

Kl. 12.30: Pressekonferanse med statsministeren, ILOs generaldirektør, Litauens president, OECDs generalsekretær og representantar for dei internasjonale arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane. Stad: Munch-salen i 1. etasje. Pressefolk bør vera på plass i salen seinast kl. 12.20.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Både paneldiskusjonen og pressekonferansen på Plaza vil bli overførte på nett-TV. Temamerking på Twitter: #jobsforeurope. Meir informasjon om møtet finn du på www.regjeringen.no/erm9 

Kl. 13.15: Statsministeren er vert for ein lunsj med Litauens president, ILOs generaldirektør og OECDs generalsekretær. I tillegg deltek arbeidsminister Anniken Huitfeldt og finansminister Sigbjørn Johnsen.

Lunsjen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografera (for ei gruppe av fotografar) når statsministeren tek imot gjestane (ute) og ved oppstarten av lunsjen. Dei same fotografane kan jobba både ute og inne.

Norske deltakarar i fotopoolen: TV2/NRK, NTB scanpix, ANB. Oppmøte for fotografane ved inngangen til Riddervoldsgate 2 kl. 12.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Bilaterale samtalar

Statsministeren skal i tillegg ha bilaterale samtalar med Litauens president og OECDs generalsekretær. Det er mogleg å fotografera ved starten av samtalane:

Kl. 11.00: Bilateralt møte med OECDs generalsekretær Angel Gurría.
Stad: Rom 401, Radisson Blu Plaza Hotel.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, for ein fotopool med følgjande norske deltakarar: TV2/NRK, NTB scanpix, ANB. Oppmøte for fotografar kl. 10.45 i resepsjonen i 1. etasje på Plaza.

Kontaktperson er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 14.30: Bilateralt møte med Litauens president Dalia Grybauskaite, i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, for ein fotopool med følgjande norske deltakarar: TV2/NRK, NTB scanpix, ANB.  

Stoltenberg og Grybauskaite er tilgjengelege for pressefolk etter møtet, om lag kl. 15.00. Oppmøte for pressefolk ved inngangen til Riddervoldsgate 2 kl. 14.15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Meir informasjon om og resten av programmet for ILOs niande europeiske regionale møte finn du på www.regjeringen.no/erm9.