Historisk arkiv

Regjeringa vedtek gjeldssletting for Gambia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke å slette 2,5 millionar kroner av Gambia si gjeld til Noreg.

Regjeringa har i dag vedteke å slette 2,5 millionar kroner av Gambia si gjeld til Noreg.

Avtalen byggjer på ei multilateral rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum –  i juni 2007. Parisklubben vedtok då å gje Gambia gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne. 

Etter dette har Gambia ei attverande gjeld til Noreg på 7 millionar kroner. Denne restgjelda vil verte sletta når Gambia har fullført HIPC-handsaminga si.