Historisk arkiv

Noreg løyver ein million kroner til styrking av transport og logistikksamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Framtidig næringsutvikling i nordområda er heilt avhengig av felles satsing på transport og logistikk. Samarbeidet i Den nordlege dimensjon er oppretta for å betre grensekryssande transport og for å styrkje både strategisk og praktisk samarbeid mellom dei nordiske partnerlanda og Russland, seier statssekretær Erik Lahnstein.

I samband med at sekretariatet  til Transport- og logistikkpartnarskapen i Den nordlege dimensjon blir operativt, har UD over Barents 2020-midlene løyvd ein million kroner til eit prosjektfond. Nordmannen Oddgeir Danielsen er tilsett som fyrste direktør for sekretariatet, som held til ved Den nordiske investeringsbanken i Helsingfors. Fondet skal brukast til studiar og analysar og til å styrkje det arbeidet sekretariatet gjer.     

- Vi trur at partnerskapen på transport og logistikk kan vere med på å framskunde større infrastrukturprosjekt i tillegg til å fremje effektivisering av grensepasseringar og logistikk.  Allereie i år vil det komme kart med eit nettverk av transportsamband mellom partnarlanda.  Nettverket vil vere utgangspunkt for å identifisere flaskehalsar og for å gjere framlegg om tiltak. Frå norsk side har vi lagt inn dei viktigaste grensekryssande korridorane, seier Lahnstein.  

Noreg legg også vekt på å fremje  sjøtransport, som til dømes den nordlege sjøruta. Noreg har arbeidd aktivt med  etableringa av Transport- og logistikkpartnarskapen, og har mellom anna vore formann for styringsgruppa i 2011.

Nordic Bulk Carriers. (Sydvaranger gruve)