Historisk arkiv

Regjeringa vedtek gjeldssletting for Elfenbenskysten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har vedteke å slette omlag 53 millionar kroner av Elfenbenskysten si gjeld til Noreg.

Regjeringa har i dag vedteke å slette omlag 53 millionar kroner av Elfenbenskysten si gjeld til Noreg.

Avtala byggjer på ei multilateral rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – 15. mai 2009. Parisklubben vedtok då å gje Elfenbenskysten gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne. 

Elfenbenskysten si attståande gjeld til Noreg vil verte sletta når landet har fullført HIPC-handsaminga si.