Historisk arkiv

Noreg gratulerar ny leiar for FNs barnefond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg gratulerar Anthony Lake med utnemninga som ny leiar for FNs barnefond (Unicef). Unicef er ein viktig partnar for Noreg for å styrke rettane til born.

Noreg gratulerar Anthony Lake med utnemninga som ny leiar for FNs barnefond (Unicef). Unicef er ein viktig partnar for Noreg for å styrke rettane til born. 

- FN har gjort eit godt val med Anthony Lake som ny Unicef-sjef. Lake har solid og brei politisk erfaring, og har synt eit tydeleg engasjement for rettane til born. Vi gratulerar han med utnemninga, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. 

Lake har mellom anna bakgrunn som amerikansk diplomat, utanrikspolitisk rådgjevar og akademikar. Han overtar 1. mai etter Ann Veneman som har leia Unicef dei siste fem åra. 

- Unicef er ein viktig partnar for Noreg. Vi ser fram til å samarbeide med Anthony Lake og Unicef for å nå tusenårsmåla til FN. Vi har framleis ein jobb å gjere for å sikre alle born helse, utdanning og vern mot overgrep, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. 

Noreg er den tredje største givaren til Unicef etter Storbritannia og USA. Årleg gir Noreg 1,3 milliardar kroner til Unicefs arbeid. Store delar av støtta vert brukt til å styrke utdanninga for born og rettane til jenter. 

Unicef skapar ein viktig talarstol for born og kvinner over heile verda, og bidreg til politisk vilje og pengar til å betre levevilkåra deira. Unicef er tilstades i nesten alle land i verda, og er ein sentral aktør både i kriser og langsiktig utviklingsarbeid.