Historisk arkiv

Regjeringa vedtek gjeldssletting for Guinea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har vedteke å slette 42 millionar kroner av Guinea si gjeld til Noreg.

Avtala byggjer på ei multilateral rammeavtale som vart inngått i Parisklubben – kreditorlanda sitt felles forum – i april 2012. Parisklubben vedtok då å gje Guinea gjeldslette under det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, det såkalla HIPC-initiativet.

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over anna utviklingshjelp til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Guinea si attståande gjeld til Noreg vil verte sletta når landet har fullført HIPC-handsaminga si.

- Mindre gjeld er viktig for å betre økonomien når Guinea skal byggjast opp att etter konflikt. Eg håper Noreg kan slette resten av gjelda allereie seinare i år, seier statsråd Heikki Holmås.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker 913 95 000 (ikkje sms)