Historisk arkiv

Noreg aukar støtta til arbeidet mot korrupsjon i Latin-Amerika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg løyver 30 millionar kroner til den interamerikanske utviklingsbankens arbeid for openheit og mot korrupsjon.

Noreg løyver 30 millionar kroner til den interamerikanske utviklingsbankens arbeid for openheit og mot korrupsjon

– Eg er svært imponert over dei resultata banken har oppnådd i kampen mot korrupsjon. Arbeidet fondet gjer, bremsar hemmeleghald og fremjar demokrati, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås. 

Holmås og Moreno
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås og presidenten i Den interamerikanske utviklingsbanken, Luis Alberto Moreno. (Foto: UD)

Den interamerikanske utviklingsbanken er den største multilaterale långjevaren i Latin-Amerika, og ein viktig premissleverandør for regional og nasjonal utviklingspolitikk. Dei norske pengane skal gå gjennom bankens «Transparency Trust Fund, (TTF)», som arbeider for større openheit rundt nasjonale inntekter frå utvinning av naturressursar, for utvikling av robust skattesystem og mot ulovleg kapitalflyt og korrupsjon. 

Fondet har mellom anna avdekka uregelmessigheiter i fiskelisensar i Brasil, kvitvasking av pengar i Paraguay og fått innført meir openheit rundt oljeavtaler i Ecuador. Noko som har auka dei statlege inntektene i landa. 

Noreg har støtta TTF med til saman 45 millionar kroner sidan 2007. Tilleggsløyvinga på 30 millionar er frå 2014 til 2016. 

Mange land i Latin-Amerika har hatt ein sterk økonomisk vekst siste åra, men framleis lever meir enn 12 prosent under fattigdomsgrensa. 

- Vi må støtte opp om politikk for rettferdig fordeling og openheit. Skatteinntekter og aktiv fordelingspolitikk er avgjerande for at landa skal kunne finansiere grunnleggande rettar som utdanning og helsetilbod, sa Holmås då avtalen blei inngått under vårmøtet i Verdsbanken i Washington.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje sms)