Pressemelding

Nr.: 10/2004
Dato: 25.02.2004
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen, tel. 22 24 26 68

Regulering av vågekvalfangsten i 2004

Fiskeriministeren har fastsett forskrifter om deltaking i fangst av vågekval i 2004 og om regulering av denne fangsten. Reglane er omtrent som i fjor.

– Vi har god erfaring med dette reguleringsopplegget, og såframt vêrforholda blir gode, kan vi sjå fram til ein sesong som vil gje oss ny forsyning av ein av havets delikatesser, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

Det er eit hovudvilkår for tildeling av løyve at søkjaren har delteke med fartøyet i fangst av vågekval i minst eitt av dei seks siste åra. Det er også eit vilkår at fangarane tek slike prøver av fangsten som fiskeridirektøren bestemmer.

Fiskeridepartementet fastsette i september 2003 ei samla kvote for vågekvalfangsten i 2004 på 670 dyr. Fangsten vil bli regulert med maksimalkvotar.

Fangst av vågekval utanom Nordsjøen kan starte 10. mai kl. 00.00, og må være avslutta innan 31. august kl. 24.00. I Nordsjøen startar fangsten når Fiskeridirektoratet bestemmer, og den skal vere avslutta innan 31. august kl. 24.00.