Prop. 55 S (2014-2015)
Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Tilråding frå Utanriksdepartementet 23. januar 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU. Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring. Føremålet med direktiv 2014/50/EU er å leggje til rette for arbeidstakarmobilitet ved å redusere hindringar for dette som kan følgje av nasjonale reglar om supplerande pensjonsrettar. Ei innlemming av direktivet i norsk rett har truleg mindre å seie for Noreg sin del, fordi dei gjeldande norske reglane i hovudsak er i samsvar med reglane i direktivet.