Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Justis- og beredskapsdepartementet fremjer i denne proposisjonen forslag til endringar i verjemålslova, lov om forsvunne personar og visse andre lover. Proposisjonen inneheld mellom anna forslag om regulering av høvet til bevisføring frå oppnemnde verjer om tilhøve som er omfatta av den teieplikta verja har etter verjemålslova. Vidare foreslås det visse justeringar i reglane om unntak frå teieplikta for oppnemnde verjer og for verjemålsstyresmakta. Det blir óg foreslått at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast for faste verjer. Proposisjonen inneheld vidare eit forslag om å leggje til rette for ei formålstenleg behandling av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret. Det blir óg foreslått ein del opprettingar av inkuriar i lover på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget