Historisk arkiv

Lansering av StatRes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innleiing av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på frukostseminar for lansering av StatRes. StatRes er eit nytt system for openheit om statleg ressursbruk og resultat, utvikla av Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Med atterhald om endringar under framføring.

   
Velkommen! Eg er glad for å sjå at så mange har møtt opp til dette seminaret.
Når ein jobbar med politikk, er det alltid avgjerande å få oppslutnad og at det ein foreslår vekkjer interesse. At det har komme så mange fleire enn det vi rekna med på denne presentasjonen av StatRes, styrkjer mi oppfatning av at dette er noko som er både viktig og riktig.

No skal eg først fortelje kvifor vi gjer dette og kva vi trur StatRes vil medvirke til, så skal Øystein Olsen etterpå seie litt meir om sjølve systemet.
Ettersom det er få her frå næringslivet, tek eg sjansen på å forenkle litt og seie at ein konsernsjef – i motsetning til meg som statsråd – har ein relativt enkel jobb. I staden for ei omfattande Soria Moria-erklæring kan konsernsjefen halde seg til tre greie storleikar: omsetning, overskot og aksjekurs. Det er klart at det er mykje anna å følgje med på, men dei tre nemnde indikatorane seier svært mykje om korleis eit selskap gjer det.

I staten derimot er det svært mange mål, og dessutan heilt andre mål og omsyn enn dei reint forretningsmessige. Vi skal jo sørgje for fordeling, rettferd, velferd og ei berekraftig samfunnsutvikling. Mykje av dette er vanskeleg å måle. Og endå vanskelegare kan det vere å finne fram til dei tala som faktisk eksisterer.
Dette gjer vi no noko med, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Statistisk sentralbyrå. I dag klokka ti kom portalen StatRes www.ssb.no/statres på nett. Så om alt fungerer skal StatRes dukke opp på skjermen her og no.

StatRes viser indikatorar for statleg ressursbruk, aktivitet, kvalitet og resultat. StatRes gir betre tilgang til eit relevant faktagrunnlag. Det skal medvirke til betre analysar, meir læring og forhåpentlegvis ein meir opplyst debatt om korleis vi fornyar og forbetrar staten. Eg ser på dette som eit verktøy for leiarar og medarbeidarar i staten og alle andre interesserte.

For regjeringa er openheit og innsyn viktig i arbeidet med å fornye offentleg sektor. Soria-Moria er tydeleg på det. Vi skal vidareføre tradisjonen som er skapt med kommunane sitt rapporteringssystem KOSTRA, som det tok ti år å byggje opp. Med StatRes tek vi dette vidare til statleg sektor.

StatRes kan brukast på mange måtar, men gir ikkje nødvendigvis alle svar. Til dømes kan ein sjå på talet på barn i ulike statlege barnevernstiltak, i ulike regionar. Korleis er utviklinga? Er det store skilnader? Kva er årsakene? Skuldast det demografi, barnevernet sin praksis eller andre forhold? Kva er konsekvensane av skilnadene? Slik kan tala nyttast, som eit utgangspunkt for vidare analyse og ein opplyst debatt om korleis skape ein betre statleg sektor.
Ettersom mykje av det som skjer i staten er vanskeleg å måle, vil berre tal sjeldan vise heile biletet. StatRes gir heller ingen ”fasit” for kva som vert utretta, og tala bør nyttast med fornuft og varsemd – eg vil understreke det. Men vi startar med det vi har og byggjer vidare på det. Indikatorane er utvikla, valde og kvalitetssikra av Statistisk sentralbyrå i nært samarbeid med dei respektive sektorane. Og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle betre indikatorar.

Regjeringa sin strategi for fornying av offentleg sektor, som vart lagd fram tidlegare denne månaden, peikar på StatRes som eitt døme på fornyingstiltak. Det skal òg gjennomførast og publiserast brukarundersøkingar for heile offentleg sektor, slik at alle kan få meir kunnskap om kor nøgde folk er med offentlege tenester. Eg vil følgje opp dette og andre tiltak og kjem tilbake til dei etter kvart som dei vert gjennomførte.

Eg har høyrt at den som trur han er ferdig utlært, ikkje er utlært, men ferdig. Vi har framleis mykje å lære. Difor lanserer vi StatRes. Vi skal lære av kvarandre og få eit betre inntrykk av kva som er bra og kva som er mindre bra. Eg håpar mange vil bruke StatRes. Tala kan gi inspirasjon til diskusjon og til å kome med innspel slik at gode idear kan setjast ut i livet, og føre til auka kvalitet i tenesteutøvinga vår.