Historisk arkiv

25 millionar kroner til oppsøkjande hjelp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Ikkje alle med psykiske lidingar greier å oppsøkje hjelp sjølv. No satsar regjeringa 25 millionar kroner på byggje opp behandlingsteam som oppsøker pasientane der dei er.

Ikkje alle med psykiske lidingar greier å oppsøkje hjelp sjølv. No satsar regjeringa 25 millionar kroner på byggje opp behandlingsteam som oppsøker pasientane der dei er.

I desse dagar får 16 slike oppsøkjande team over heile landet støtte.

– Eg er glad for at me no kan støtte etablering og drift av 16 behandlingsteam. Dei vil bidra til at menneske med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem kan få hjelp i sin eigen kommune. Det er eit viktig mål i samhandlingsreforma å bygge opp behandlingstilbodet der folk bur, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Såkalla ACT-team (Assertive community treatment) har ei heilskapleg tilnærming til behandling, rehabilitering og oppfølging av menneske med psykiske lidingar. Ingen behandling finn stad på kontor – all verksemd finn stad der brukaren er.

– Behandlingsteamet vil bidra til at brukaren meistrar å bu i eigen bustad og kan ta del i aktivitetar i sitt eige lokalsamfunn. Teamet kan også hjelpe med tilgang til helsetenester og å halde kontakt med vener og familie, seier Strøm-Erichsen.

I Noreg er det oppsøkjande behandlingsteam frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Tilbodet er eit fagleg og økonomisk samarbeid mellom kommunar, distriktspsykiatriske sentre og staten.

Internasjonal forskning viser at oppsøkjande behandlingsteam kan auke effekten av behandlinga og redusere sjukehuskostnader. Undersøkingar har vist at både brukarar og pårørande er meir tilfredse med oppfølging og behandling av oppsøkjande behandlingsteam enn med ordinære tenester.

Vedlegg: Liste over team som får støtte (pdf)