Historisk arkiv

Kystlynghei har blitt utvald naturtype

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Kongen i statsråd har i dag vedtatt at kystlynghei har status som utvald naturtype. Vedtaket omfattar 388 viktige og 284 svært viktige lokalitetar med eit samla areal på 834 km2.

- Ein uerstatteleg del av det norske naturlandskapet kan gå tapt. Kystlyngheia får derfor eit stempel som sier at den er viktigare enn annen natur, seier Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Kva er utvalde naturtypar?


Ein utvald naturtype får ein merkelapp på seg som gjer at arealforvaltninga blir meir føreseieleg. Det er eit signal til kommunane og andre som driv arealforvaltning om å vurdere om dei kan tilpasse eller flytte tiltak andre stader for å skåne kystlyngheia.

Omsynet til den utvalte naturtypen kystlynghei skal vege tungt i den enkelte sak. Men korleis resultatet blir, er mykje opp til kommunane.

- Dette er ikkje vern, men eit mildt verkemiddel med mykje lokal sjølvråderett, seier Sundtoft.

Les mer om trua natur her.

Kva er kystlynghei?


Kystlynghei er opne område langs kysten som er forma av rydding av kratt og skog, beite, lyngbrenning og lyngslått. Kystlynghei er blant våre eldste kulturlandskap og Noreg har en vesentlig del av førekomstane som framleis finst i Europa. Vi har og spesielle, nordlige former av lynghei som ikkje finns andre stader. For kystbøndene var lyngheia ein verdifull ressurs som beite for husdyra heile året. Kystlynghei er i dag en sterkt trua naturtype. Det betyr at det er svært høg risiko for at den forsvinn frå Noreg i løpet av dei komande 50 åra.

- Regjeringa er opptatt av å stimulere til samarbeid og bærekraftig bruk slik at vi kan behalde kulturlandskap som kystlynghei også i framtida – seier Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Kystlynghei gror att til kratt og skog om den ikkje blir brukt. Derfor set både Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet av midlar til skjøtsel og beiting.

- Slåttemark har hatt positiv utvikling som følgje av at naturtypen i 2011 fekk status som utvald naturtype. Eg håpar kystlynghei no vil få den same positive utviklinga som følgje av regjeringa si avgjerd i dag, seier Sundtoft.

Forskrift om endring i forskrift 13. mai 2011 nr. 512 om utvalgte naturtyper etter naturmangfoldloven (Norsk Lovtidend)

 

Kystlynghei på Marøy
Erik Thoring fra Naturvernforbundet i Rogaland viser fram kystlynghei på Store Marøy til klima- og miljøminister Tine Sundtoft og varaordfører Bjørg Tysdal Moe Foto: Marianne Gjørv, KLD