Historisk arkiv

Behov for meir kontroll med offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

– Vi må sikre norske lønns- og arbeidsvilkår når det offentlege kjøper tenester, seier statsråd Hanne Bjurstrøm. Ho vil sjå på nye tiltak for å skjerpe kontrollen med offentleg sektor.

– Vi må sikre norske lønns- og arbeidsvilkår når det offentlege kjøper tenester, seier statsråd Hanne Bjurstrøm. Ho vil sjå på nye tiltak for å skjerpe kontrollen med offentleg sektor. 

Av dei tiltaka statsråden vurderer er å gi Arbeidstilsynet fullmakt til å kontrollere at offentleg sektor tar forpliktingane sine på alvor.

Arbeidstilsynet kan få fullmakt til å kontrollere at offentleg sektor varetek forpliktingane sine.
Arbeidstilsynet kan få fullmakt til å kontrollere at offentleg sektor varetek forpliktingane sine.

Statsråden har særlig tatt opp med kommunalministeren mulegheiter for samarbeid om tiltak for å motverke sosial dumping i offentleg sektor. – Sosial dumping er ei av dei største utfordringane i samfunnet. Det handlar ikkje berre om at utanlandske arbeidstakarar får uakseptabel lønn, men også at sosial dumping vil kunne forandre heile samfunnet, seier statsråden.

Regjeringa har allereie vedteke ei forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i samband med offentlege innkjøp som gjeld både for stat, kommune og fylkeskommune. I tillegg har det offentlege, som i privat sektor, ei påseplikt og eit solidaransvar der det gjeld allmenngjeringsforskrifter, for eksempel ved innkjøp av byggtenester.

– Vi skal ikkje leggje skjul på at offentleg sektor, i likskap med privat sektor, er kjøpar av tenester som er uakseptable. Når noko er for billig, er det som regel noko gale, fastslår statsråden.

 

Meir informasjon: