Historisk arkiv

- Moderat auke i arbeidsløysa i januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

- Den moderate auken i arbeidsløysa frå i haust fortsatte i januar. Utfordringa framover blir å hindre at arbeidslause blir verande arbeidslause i lang tid, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til NAVs nye månadstal om arbeids­marknaden.

- Den moderate auken i arbeidsløysa frå i haust fortsatte i januar. Utfordringa framover blir å hindre at arbeidslause blir verande arbeidslause i lang tid, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til NAVs nye månadstal om arbeids­marknaden.

Utviklinga i arbeidsløysa er som vurdert i Nasjonalbudsjettet.

- Vi har no bak oss eit og eit halvt år med auke i arbeidsløysa. Konjunktur­nedgangen vi er inne i gjer at vi framleis må vente moderat auka arbeidsløyse ei tid. Eit høgt nivå på arbeidsmarknadstiltaka er difor viktig, seier statsråden.

19 100 ordinære arbeidslause deltok på arbeidsmarknadstiltak ved utgangen av januar. Det er ein auke på 66 prosent frå same månaden i fjor.

Nye tal frå NAV viser at det ved utgangen av januar er 85 100 heilt arbeids­lause. Ein kraftig auke i arbeidsløysa fann stad i perioden oktober 2008 til april 2009. Dei siste tre kvartala har auken i den registrerte arbeidsløysa vore meir moderat. Justert for normale sesongvariasjonar har arbeidsløysa auka med om lag 700 personar frå desember til januar.

Nivået på den registrerte arbeidsløysa er no om lag som gjennomsnittet for dei siste tretti åra. I den konjunkturfasen vi no er i, aukar langtidsarbeidsløysa. No har 41,5 prosent av dei arbeidslause vore arbeidssøkarar ut over seks månader, mot 30 prosent på same tid i fjor.