Historisk arkiv

–Framleis moderat auke i arbeidsløysa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

–Slik konjunkturane er no, aukar arbeidsløysa, men eg registrerer at aukinga er moderat, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til NAVs nye månadstal om arbeids­marknaden.

–Slik konjunkturane er no, aukar arbeidsløysa, men eg registrerer at aukinga er moderat, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til NAVs nye månadstal om arbeids­marknaden.

Ein sesongkorrigert auke i arbeidsløysa på 600 personar siste månaden betyr at arbeidsløysa i februar har auka om lag som gjennomsnittet for dei føregåande ni månadene.

–Lågkonjunkturen vi er inne i gjer at vi framleis må vente moderat auke i arbeids­løysa ei tid, seier statsråden.

Nye tal frå NAV viser at det ved utgangen av februar er 83 400 heilt arbeids­lause. Justert for normale sesongvariasjonar har arbeidsløysa auka med 700 personar per månad dei seinaste tre kvartala. I februar har 41 prosent av dei registrerte arbeidslause vore arbeidssøkarar ut over seks månader. Dette er 13 prosentpoeng høgare enn på same tid i fjor.