Frå 1. juli 2010 må arbeidsgjevar drøfte verksemdas bruk av midlertidige tilsettingar med dei tillitsvalde minst ein gong per år. Tillitsvalde i denne samanhengen kan vere fagforeiningstillitsvalde, verneombod, arbeidsmiljøutval eller andre representantar for dei tilsette.

-Den nye drøftingsplikta vil bidra til å auke verksemdenes medvit om bruk av midlertidige tilsettingar, og dermed til å få fleire frå mellombels til faste stillingar, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med at sjølve drøftingsprosessen blir gjennomført mellom partane i verksemda. 

I tillegg er det vedteke ei endring i arbeidsmiljølovas bestemming om at arbeidstakarar som har vore samanhengande midlertidig tilsette i meir enn fire år, skal reknast som tilsett. Fråver generelt skal ikkje komme til frådrag når ein reknar ut  tilsettingsperioden etter fireårsregelen.

-Med denne presiseringa vil vi klargjere ein rettsleg noko uklar situasjon og innføre ei heilskapeleg regulering i lova, seier arbeidsministeren.