Historisk arkiv

Moderat auke i arbeidsløysa i april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

–Regjeringas politikk har virka, og det ser ut som om Noreg kjem gjennom den økonomiske krisa med mindre auke i arbeidsløysa enn forventa, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

–Regjeringas politikk har virka, og det ser ut som om Noreg kjem gjennom den økonomiske krisa med mindre auke i arbeidsløysa enn forventa, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Veksten i arbeidsløysa per månad har vore om lag den same gjennom det siste året. Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at den sesongkorrigerte arbeidsløysa auka med om lag 600 personar frå mars til april.

Ved utgangen av april var det 78 290 heilt arbeids­lause. Dette er 3,0 prosent av arbeidsstyrken. I april har 43 prosent av dei registrerte arbeidslause vore arbeidssøkjarar lengre enn seks månadar. Dette er 12 prosentpoeng høgare enn på same tid i fjor. Sesongjustert tal for heilt permitterte er om lag uendra frå mars. NAVs tal tyder dermed på at vulkanutbrotet på Island ikkje har ført til langvarige permitteringar.