Historisk arkiv

Om lag 70 000 heilt arbeidslause i november

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det sesongkorrigerte talet på heilt arbeidslause auka med om lag 800 personar frå oktober til november.

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det sesongkorrigerte talet på heilt arbeidslause auka med om lag 800 personar frå oktober til november.

Navs arbeidsmarknadsstatistikk viser at det ved utgangen av november er registert 69 400 heilt arbeidslause. Dette utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken, og er 6 prosent fleire enn på same tid i fjor.

– Noreg har framleis den lågaste ledigheta i Europa, seier statssekretær Gina Lund i Arbeidsdepartementet.

Omfanget av utlyste stillingar i november var 2 pst. høgare enn i same periode i fjor. I november har 47 prosent av dei registrerte arbeidslause vore arbeidssøkjarar lengre enn seks månadar.

Nasjonalregnskapet for 3. kvartal 2010 frå Statistisk sentralbyrå tyder på at arbeidsmarknaden er i ferd med å ta seg opp at etter to og eit halvt år med nedgangskonjunktur.

– Likevel ser vi at dette omslaget ennå ikkje har påverka ledigheta, seier Lund.