Historisk arkiv

Redusert arbeidsløyse i mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

-I mai har arbeidsløysa gått markert tilbake. Det bryt med ein stigande trend vi har sett sidan våren 2008, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til Navs arbeidsmarknadsstatistikk for mai.

-Det er bra at vi nå får ein månad med klar reduksjon i arbeidsløya etter lang tid med vekst. Utviklinga i mai er noko betre enn forventa. Eg er tilfreds med at arbeidsløysa for ungdom under 20 år går ned. Vi må likevel ikkje gløyme at det er usikkerheit knytt til den framtidige utviklinga, blant anna ser vi ikkje nokon auke i antall ledige stillingar. Talet på langtidsarbeidssøkarar aukar også. Det bekymrar meg, seier statsråden.

Navs arbeidsmarknadsstatistikk syner at det ved utgangen av mai er registert 70 600 heilt arbeidslause. Det er om lag 1 600 færre enn førre månad når det blir justert for normale sesongvariasjonar.