Historisk arkiv

Om lag 70 000 heilt arbeidslause i oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

-Etterspurnaden etter arbeidskraft er enno låg, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til at det sesongkorrigerte talet på heilt arbeidslause auka med om lag 1 900 personar frå september til oktober.

-Etterspurnaden etter arbeidskraft er enno låg, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til at det sesongkorrigerte talet på heilt arbeidslause auka med om lag 1 900 personar frå september til oktober.

 Navs arbeidsmarknadsstatistikk viser at det ved utgangen av oktober er registrert 69 800 heilt arbeidslause. Dette utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken, og er 5 prosent fleire enn på same tid i fjor. Omfanget av utlyste stillingar var 4 prosent lågare enn i fjor. I oktober har 48 prosent av dei registrerte arbeidslause vore arbeidssøkjarar lengre enn seks månadar.

- Nedgangen i talet på langtidsarbeidslause held fram. Dette er positivt, men vi må ikkje gløyme at det framleis er mange som har vore utan arbeid i lang tid. Mange av dei langtidsarbeidslause er i dei gruppene NAV prioriterer, seier statsråden.

En del av auken i talet på heilt arbeidslause skyldes at færre deltar på arbeidsmarknadstiltak. Nivået på tiltaka var høgare enn planen til NAV i første del av 2010. Talet på tiltaksplassar har auka mindre denne hausten enn i fjor haust for å tilpasse talet for året til den samlade ramma.